TreHuset er treverk tvers igjennom. Eit massivtrehus i moderne arkitektur, der naturmateriale, presis detaljering og avansert byggteknikk spelar saman. Som ei moderne nytolking av laft, med berekonstruksjon i massivtre og isolasjon av trefiber får hyttene eit vesentleg lågare klimaavtrykk enn konvensjonelle løysingar, samtidig som dei leverer eit svært godt inneklima med stabil fuktregulering og mjuke, behagelege overflater. Moderne snitt, stram geometri og nøye utarbeidde detaljar gjer at trehuset framstår både framtidsretta og djupt forankra i det naturlege materialet ho er bygd av.

Vi har god erfaring med å levere hus i massivtre, der dei fleste er tilpassa kunde. Dette er nokon av våre favorittar.

TreHuset består av

  • Synleg massivtre frå Splitkon

  • Trefiberisolering ifrå Hunton

  • Kledning og evt tretak ifrå Møre Royal

  • Kjøkken ifrå Fossline

  • Alukledde 3l-vindauge ifrå Lyssand

  • Byggesøknad og arbeidsteikningar ifrå våre arkitektar

Dette kan både leverast som byggesett, der vi monterar massivtreet, men også totalentreprise - der du slepp å gjere noko